Velkommen til Aurland natur- og kulturarv

Aurland natur- og kulturarv (ANKA) er eit lokalt samvirke med formål å utvikla næring av natur og kultur i Aurlandsregionen. Den lokale kulturen og tradisjonane blir formidla gjennom lokal mat, ulike aktivitetstilbod og handverksprodukt frå regionen. I tillegg har ANKA skapt ei merkevare som er kvalitetssikra i eit regelverk knytt til ANKA sin logo.

Nyhende

Bygdevert 2009 – 2010

Nærøyfjorden Verdsarvpark held nytt bygdevertkurs 2009-2010. Framleis vil formidling av lokal natur, kultur og historie vera sentralt med førelesarar som Inge Åarseth (geologi). James Carter (interpretasjon med vekt på Flåmsdalen), Leif Hauge (kulturlandskap og botanikk i Verdsarvområdet) og Svein Indrelid (historie og arkeologi). Kurset går over fleire dagar på ulike stedar i Aurland kommune. Fullt program finn du på: www.interpretasjon.no.

Smak Sakte-festivalen i Aurland frå 27. september til 4. oktober 2009

No kan du bli betre kjende med di eiga bygd eller om du tilreisande, er invitert til eit møte med bygdevertar som presenterar noko av det beste Aurland har å by på. Smak Sakte skal vera ein stad der bygdefolk og gjester saman kan gjenoppdage og skape verdiar, verdiar som ikkje berre kan forståast, men må sansast og anast. Festivalen er ein del av satsinga under merkevara ”SAKTE i Aurland” som byggjer på bærekraft og tilrettelegging for eit godt møte mellom lokalsamfunnet og gjestene. Årets program fins her (pdf, 1 Mb). Meir info: www.smaksakte.no.

Terra Madre i Aurland

Terra Madre Norway skal arrangerast i Aurland 23-25 oktober 2009. Møtestaden er Aurlandshallen sentralt i Aurland. Dette er første gongen at det vert arrangert ei norsk utgåve av Terra Madre og det skal bli ein spanande møteplass for nettverksbygging i god Slow Food ånd. Det vert foredrag, workshops og ikkje minst høvet til å bli betre kjende med kvarandre. Hovudarrangementet vil bli frå kl 10.00 -18.00 laurdag 24 oktober. Alle seminar og workshops er gratis. Fest på laurdagskvelden er betalande. Meri informasjon finst på www.terramadrenorway.no.

Utstillingsvindauge

bilde OtternesPå Otternes Bygdetun vert det synt fram godkjende ANKA handverksprodukt og servert ANKA godkjent mat. Ny nettside til Otternes Bygdetun er under konstruksjon.

 

 

 

 

Logo Partner i Nærøygjorden Verdsarvpark

Kontakt

Aurland natur- og kulturarv
V/ Laila Kvellestad
N-5745 Aurland
+47 57 63 22 88
+47 48 12 51 38 (mob)
post@anka-nett.no
www.anka-nett.no

Fjord Oppleving

Fjord Oppleving har eit vidt spekter av aktivitetar og opplevingar heile året: gardsbesøk, lokal mat-
tradisjon, lokalt handverk, safari med RIB båt på fjorden, kajakpadling eller fotturar gjennom urørt natur. www.fjordoppleving.no