Om ANKA

Aurland Natur- og kulturarv BA (ANKA) er eit lokalt samvirke. Formålet er å utvikla det natur og kulturbaserte potensialet for verdiskapning i Aurlandsregionen ved hjelp av nettverksorganisering, merkevarebygging og entreprenørskap.

ANKA er utvikla med bakgrunn i initiativ frå ei gruppe lokale gardbrukarar. Samstundes har det vore køyrt mobiliseringsprosessar med opne bygdemøte.

Initiativtakarane ser at det lokale småskala jordbruket har ei rekke ulemper som ein i stadig større grad må ta på eigne skuldre. Samstundes representerar det ei rad unike kvalitetar som i dag ikkje avspeglar seg i meirverdi på produkta. ANKA vil utvikla ein verdiskapingsstrategi der dei særeigne naturgjevne føresetnadene kan utnyttast og foredlast til høgkvalitetsprodukt med stor opplevings- og marknadsverdi.

Samarbeid med andre næringar er ein sentral del i dette, og det er teikna ulike intensjonsavtalar. ANKA er ein marknadsretta organisasjon, der mange av produkta spring ut frå ei medviten og banebrytande marknadstenking.