§1. Føremål.
Føremålet med dette regelverket er å regulere bruken av merket til ANKA slik at all bruk medverkar til å byggje opp attraktiviteten og tilliten til merket, og at dette i neste omgang kan gje grunnlag for auka verdiskaping for merkebrukaren.
§2. Omfang og verkeområde.
Regelverket gjeld for næringsmiddel som er basert på råvarer (hovudingrediensen)der primærproduksjonen har skjedd i Aurland , og er bearbeida (minimun sikring av identiteten til råvara) eller foredla innanfor Aurland kommune.
Handverksprodukt skal om mogeleg baserast på lokale råvarer , og vera bearbeidd eller foredla innanfor Aurland kommune.
Opplevingsprodukt skal ha lokal natur , kultur , mat eller handverk som vesentlege element og komuniserast på ein måte som er miljømessig bærekraftig og er eigna til å styrke og tydeleggjere merket sin profil.
§3. Bruk av merket.
Berre produsentar , foredlarar eller andre som er medlemar og har søkt og fått løyve frå styret i ANKA kan nytte merket.
Namnet på primærprodusenten bak produktet skal alltid merkast på ein iaugefallande og tydeleg måte som tilfredstiller offentlege krav.
§4. Anna bruk av merket.
Merket kan nyttast på organisasjonen sitt eige materiell slik som brevark , konvoluttar, heimesider og liknande.
Medlemar kan nytte merket i samband med profilering av sine godkjende produkt på nærare fastsette vilkår.
Vidare kan merkest nyttar for å profilere utstillingsmateriell , stands og liknande der organisasjonen direkte eller indirekte har kvalitetsansvaret.
§5. Gebyr.
Årsmøtet i ANKA kan vedta at det skal betalast avgift for bruken av merket og nærare reglar for dette. ANKA har einerett til å trykke etikettar med logoen på.
§6. Misbruk av merket.
Dersom ein merkebrukar nyttar merket på ein måte som er i strid med regelverket eller elles vert vurdert å vera til skade for tilliten til merket kan løyvet straks trekkast inn etter vedtak i styret. Årsmøtet er klageinstans.
§7. Endring av regelverket kan gjerast av årsmøtet.