Aurland Skofabrikk, som i dag er den einaste attverande skofabrikken i kommunen, ligg idyllisk plassert ved kanten av fjorden i kommunesenteret Aurlandsvangen.

Bilde SkofabrikkSkoproduksjon i Aurland har tradisjonar heilt attende til 1800-talet då det vart reparert og sydd nye sko til engelske lakselordar som var på besøk i kommunen. Nils Tveranger var den første som gjekk i gang med produksjon av det som i dag er Aurlandskoen. Utover 1900-talet, og særleg etter andre verdskrigen, tok produksjon av Aurlandskoen seg kraftig opp og nådde ein topp på 50-talet med 14 skofabrikkar og om lag 90 personar i arbeid.

Då kraftutbygginga tok til på slutten av 60-talet byrja mange å jobba der og produksjonen gjekk raskt nedover. Ansgar Wangen valde å halda fram og Aurland Skofabrikk er i dag ein av svært få skofabrikkar i landet. I dag er det sonen Svein Idar Wangen som driv fabrikken.

Sal av sko føregår både direkte frå fabrikken og gjennom andre utsal rundt omkring i landet. Alle som ynskjer kan få omvisning i skofabrikken og sjå korleis produksjon av Aurlandskoen føregår. Det knyter seg mange gode historiar til skoen, er du heldig kan du få høyra meir om dei ved eit besøk i fabrikken.

Tilbod

Produkt Aurlandskoen, tradisjonsrik sko frå Aurland
Sal fabrikkutsal, husflid, lokale marknader
Tenester omvisning i fabrikklokala

Kontaktinformasjon

Adresse 5745 Aurland
Eigar Svein Idar Wangen
Tlf 57 63 32 12