Lokalisert i Undredal, 12 km frå Flåm. Frå avkøyringa på E16 på Langhuso er det 6 km ned til Undredal sentrum.
Eldhuset er eit visningssenter for Undredalsosten, med mogningskjellar for kvit geitost og presentasjonslokale for eldhus- og stølstradisjonane. Tilbyr omvisningsprogram og
smaksmenyar med hovudvekt på geitosten, og lunsj og middag i samarbeid med Osteklokka kafé. Eldhuset har god plass for gruppeservering, og kan skipa til kveldsete for grupper med
servering, underhaldning, musikk og dans. Sommarscene med konsertar og bryggjedans. Frå
sesongen 2008 vert det tilbod for einskildpersonar til faste tider. Gruppetilbod må tingast på
førehand.
Standardpakka i Eldhuset inneheld eit underhaldningsprogram med forteljing om tradisjonane med stølsdrift, ysting av geitost og mogning av kvit geitost. Til dette føl ein smaksmeny av kvit og brun geitost, spekepølse, rømme, moltesyltetøy og heimebakt flatbrød. Til drikke serverast lokal fruktsaft eller alkoholfri sider. Andre drikkevarer kan kjøpast individuelt. Opplegget som varar 45 – 60 min kostar kr 145,- pr. vaksen person, born halv pris, under 8 år gratis.
Osteklokka Kafé er lokalisert i nærleiken av Eldhuset, og tilbyr småmat, lunsj og middag basert på lokale mattradisjonar.
Produkt | Visningssenter for Undredalsosten, Sommarscene |
Sal | Kvit og brun geitost, spekemat og anna tradisjonsmat i Eldhuset og frå butikken Underdalsbui |
Tenester | Visningslokale og program om lokale tradisjonar, servering og kveldsarrangement for grupper. Konsertar og bryggjedansar. |
Produkt | Kafé med servering inne og ute på bryggja i Undredal. Servering Småmat, lunsj og middag i sommarhalvåret |
Sal | Geitost og spekepølse av lokalt geitekjøt |
Tenester | Overnatting i rom eller leilegheiter |
Adresse | 5746 Undredal |
Eigarar | Opplev Undredal AS |
Tlf | 57 63 31 00 |
Epost | visit@undredal.no |
Heimesider | www.undredal.no |