Verksemda Flåm Oppleving held til i Flåm og tilbyr ulike guida turar i Flåmsdalen og nærområda. Flåm Oppleving vart skipa i 2005 og vert drive av Jorunn Heggdal, som er frå Flåm. Jorunn har utdanning innafor kulturminnekunnskap og kulturmiljøforvaltning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Me tilbyr Kos i Flåmsdalenovernatting i Flåm, Utvik i Nordfjord og på Lote i Hardanger.

Turane i Flåm er i seg sjølv flotte naturopplevingar, og med Jorunn sin kunnskap får du også ei minnerik innføring i historia til dei plassane de besøkjer. Me kan servera lokalprodusert tradisjonsmat til grupper som vandrar eller syklar i Flåmsdalen. Du får få ta del i kulturhistoria og bli kjend med eit kulturlandskap som er eineståande i verdssamanheng, i verdas fremste reisemål - det norske fjordlandskapet.

Med Flåm Oppleving får du høve til å bli med inn i ein verden full av spor frå fortida; med jettegryter, hellekister, gardsmuseum og stølar. Som deltakar må du ta dei fleste sansane i bruk og du vil få ei oppleving for livet.

Tilbod

Produkt Guida turar i Flåmsdalen og nærområdet
Sal Påmelding direkte til Flåm Oppleving
Tenester Guiding, historieforteljing, overnatting

Kontaktinformasjon

Adresse Håreina, 5743 Flåm          
Eigar Jorunn Heggdal
Tlf 57 63 21 95 / 915 23 394
Epost post@flamoppleving.no
Heimesider www.flamoppleving.no