Furukroa, eller Flåm Turistsenter, ligg ved hamna og jarnbanestasjonen i Flåm. Verksemda vart starta opp i 1988 som ei pølsebu for reisande som kom til Flåm med ferje eller tog, og som skulle vidare. Like ved fjorden, midt mellom ferje og tog, har verksemda ei nærmast ideell plassering. Furukroa, som plassen raskt vart heitande på folkemunne, vart ein ynda plass å møtast for ein kaffikopp og litt mat. Her møtte ein kjende, fekk slått av ein prat og vart oppdatert på siste nyhende i bygda og elles.

FurukroaI dag, snart 20 år etter oppstarten av den vesle pølsebua, inneheld Furukroa eit mangfald av
tilbod. Verksemda omfattar i dag kafe med tradisjonelle varme og kalde norske rettar,
snackbar, iskiosk og ein restaurant med innhaldsrike og varierte menyar til alle anledningar. Siste tilskot på stamma er eit nytt bryggeri og pub, Ægir Bryggeri & Pub, med brygging av øl etter eigne oppskrifter. Furukroa har i tillegg 8 doble rom for overnatting. Overnattingskapasiteten blir utvida med 34 rom frå sommaren 2008. 

Furukroa nyttar både halvfabrikata og eigne framstilte produkt i sommarsesongen. I
skuldersesongane blir det nytta mest heimelaga produkt. Til juleborda serverer Furukroa eige
framstilt pinnekjøt og svineribbe. I tillegg lagar dei god gamaldags svinerull og lefser, og
bakar også eigne kaker. Som ein del av tilbodet i det nye bryggeriet skal det utviklast
smårettmenyar med produkt frå lokale råvareprodusentar. 

Tilbod

Produkt Tradisjonsrik mat og drikke, matprodukt frå lokale produsentar
Sal Frå eigne lokale og bestilling på internett og telefon
Tenester Overnatting, opne og lukka arrangement

Kontaktinformasjon

Adresse Postboks 44, 5742 Flåm
Eigarar Aud Melås
Tlf 57 63 20 50
Epost mail@furukroa.no
Heimesider www.furukroa.no