Holo er ein høgdegard i Flåmsdalen, 470 moh, om lag 9 km frå hamna og jarnbanestasjonen i Flåm. Det er bilveg heilt fram til tunet på garden. Frå Holo er det flott utsikt over Flåmsdalen og Rjoandefossen.

Holo GardstunGarden Holo er omtala i skattelister frå 1500-talet, men garden har truleg vore i drift sidan før Svartedauden. Holo, som i dag er eitt bruk, har opp gjennom tidene vore delt i 2-3 mindre einingar. Tidlegare har det vore allsidig gardsdrift på Holo, med åkerbruk og ulike husdyr. I dag driv eigarane av garden berre med sau. Til garden høyrer også to heimestølar og ein fjellstøl.

Hausten 2003 starta eigarane av Holo Gardstun, Lill og Per Dale, med vidareforedling av slakt frå eigne sau og lam. Av dette lagar dei spekemat og andre lokale spesialitetar. Produkta blir selde både på bestilling direkte til kundar og på lokale marknader.

I finstova i ”Det gule huset” tilbyr vertskapet servering av heimelaga mat og lokale spesialitetar basert på lamme- og sauekjøt. Servering gjeld berre grupper og må tingast på førehand.  

Tilbod

Produkt foredla saue- og lammekjøtt
Sal Frå eigen gard (bestilling), lokale marknadar
Tenester Servering av heimelaga mat i nyrestaurerte lokale på garden (til grupper på bestilling)

Kontaktinformasjon

Adresse 5743 Flåm
Eigarar Lill og Per Dale
Tlf 57 63 22 53, mob 414 38 107
Epost mail@hologardstun.no
Heimesider www.hologardstun.no