På garden vert det drive tradisjonell gardsdrift med sau som hovudnæring, og med osteproduksjon som viktig tilleggsnæring. Gardane i Skjerdal har tradisjonelt livberga seg gjennom geite- og sauehald. For fire år sidan slutta vi med geiter, og satsa på sauehald kombinert med anna arbeid i tillegg. Pr. i dag har vi omlag 75 vinterfora sauer. Garden vår er eit typisk brattlent vestlandsbruk der utmark og fjell har vore, og er, viktige ressursar i drifta.

På garden bur det i dag familiemedlemar frå fire generasjonar. I alle år har ysting og produksjon av ekte geitost vore ein del av inntektsgrunnlaget. Osten vart selt til kundar over store deler av landet. I tillegg vart den omsett gjennom lokal butikk, og gjennom direktesal frå garden. Då vi slutta med geitehald i 2003 var det interesse for å halda ystetradisjonen vedlike. Utan eige råstoff vert dette løyst ved at vi kjøper att geitemjølk hjå lokale bønder. Det vart bygd nytt ysteri, og produksjonen er godkjend av Mattilsynet. 

Tilbod

Produkt Sal av lam/sau til slakteri. Osteproduksjon i eigne godkjende lokale.
Sal Omsetjing av ost føregår gjennom lokal butikk (O. Skjerdal & Co), og gjennom direktesal frå garden. Ein del ost vert omsett på lokale marknadar.

Kontaktinformasjon

Adresse Skjerdal, 5745 Aurland       
Eigarar Trygve, Borgny og Birger Skjerdal
Tlf Borgny og Birger Skjerdal 57 63 34 66
Trygve Skjerdal 57 63 36 17 / 975 26 883
Epost trygve.skjerdal@privat.alb.no