Underdal Stølsysteri, som vart etablert i 2001, ligg på Melhus i Undredal. Etter avkøyringa frå E 16 på Langhuso til Rv 601 mot Undredal er det om lag 3 km ned til ysteriet.
Frå gamalt av hadde alle geitebøndene i bygda kvart sitt vesle hus (sel) som dei budde i medan dei var på dei ulike stølane sine om sommaren. Dei budde i selet og ysta og kokte brimosten i skotet, det ytste rommet i selet.
I 1982 vart Underdal Fellesstøl etablert. Det var ei felles sommardrift mellom fire bønder. Som følgje av pålegg frå det offentlege og eige ønskje om meir effektiv drift vart fellesstølen i 2001 ombygd og omgjort til heilårs ysteri, Underdal Stølsysteri. Bak ysteriet står i dag tre geitebruk, eitt i Nigarden og to på Reina, med til saman 215 geiter.
Underdal Stølsysteri produserer både brun (firkanta) og kvit geitost. Den kvite blir produsert både som tradisjonell type "sognaost", utan salt, og som salta type. Begge kvitostane vert frambodne i tre mogningsgrader: Nymogen (< 3 mnd), mellomlagra (3 - 6 mnd) og vellagra(> 6 mnd). Kvitosten blir framstilt av rein, nysilt geitemjølk, kun tilsett osteløype og evt salt. Mjølka er ikkje pasteurisert. Brunosten blir kokt i opne kjelar fyrte med flis via stokeromnar. Den er tilsett 2 liter kufløyte pr 100 liter geitemjølk.
Underdal Stølsysteri samarbeider med Underdalsbui, som sel osten gjennom eigen butikk i
bygda og på Kafe Osteklokka. Eldhuset, som ligg vegg i vegg med Kafe Osteklokka, tilbyr
program og prøvesmaking av osten og andre lokale matprodukt. Dette er eit tilbod til grupper
og må bestillast på førehand.
Produkt | Brun og kvit geitost |
Sal | Frå lokal butikk i Undredal, Oslo og Bergen, på bestilling og på ulike marknader (sjå tekst nede for detaljar) |
Tenester | Prøvesmaking og informasjon (Eldhuset i Undredal, gruppebestilling) |
Adresse | 5746 Undredal |
Eigarar | Fleire |
Tlf | 57 63 17 63 / 959 84 630 / 57 63 17 46 / 970 16 334 |
Epost | geitost@online.no |
Tlf | 57 63 30 80 / 951 37 403 |
Epost | underdalsbui@c2i.net |
Lokalt | Underdalsbui og Kafe Osteklokka |
Bergen | Kvammes Fetevarer, Sesong/Kjøtbasaren |
Oslo | St. Hanshaugen Frukt og Grønt, Fenaknoken i Rådhuspassasjen og ein del andre delikatesseforretningar. |
Marknader | På Bondens Marked i Bergen, Lærdalsmarknaden sommar og haust og elles på marknader i Hordaland og Sogn og Fjordane. |